LLH Voss : LLH

LLH Voss

Publisert:
05.01.12

LLH Voss arrangerer sosiale treff for lhbt-personar på Voss og omland. Det har vore litt stilt frå oss i det siste, men no er me attende og ønskjer alle velkomne til å bli kjende med oss. Me har hatt nokre samlingar, inkl. eit jolabord, og satsar framover på fleire liknande treff. Blant anna kan me frista med skidag med afterski den 11.02.12. Me håper og på å få til grillfest og jentetur på ski. Dette kan du lese meir om på vår sida på gaysir og facebook.

For å vete meir ta gjerne kontakt med Jenny Tøn på 93687608 eller epost voss@llh.no eller jennyton@gmail.com

Skeiv filmkveld på Voss

Den 16. mars vert det skeiv filmkveld på Voss kulturhus.

Homoøl på Voss

Hausten er her for fullt, og det er på tide at me møtast att!

LLH Voss

Fredag 17. oktober 2008 hadde LLH sitt første sosiale arrangement på Voss. Det var ein hyggeleg kveld der vi hadde besøk av Kim Friele som holdt foredrag. Det var ein spent gjeng som tok turen til Voss denne fredagen. Leiar, sekretær og redaktør hadde tatt på seg oppgåva med å støtte opp under å få i gang lokal aktivitet på Voss. Heldigvis har vi Jenny Tøn som har vore ansiktet til homoaktiviteten på Voss utad.

 Etter ein god middag var det på tide å gå til lokalet for å lage det i stand. Kim hadde komt med toget frå aust og var i godt humør. Etter å ha stelt lokalet til og dei frammøtte hadde komen inn og fått varmen i seg, ønskte leder Tore velkomen. Han informerte om bakgrunnen for arrangementet og om kva LLH er og kva vi vil med å lage aktivitet på Voss. Jenny talte også litt og fortalde kor glad ho var for at så mange hadde tatt turen denne kalde kvelden på Voss.

 Etter dette var det Kim Friele sin tur. I ein og ein halv time holdt ho foredrag om homokamp. eigne erfaringar og om kor viktig det er å vite kven ein er. Identitet og trua på seg sjølv, og at ein har gode omgivelsar er viktig. Derfor var også Kim veldig glad for å sjå alle som var her denne kvelden og var interessert i å danne eit nettverk for Voss om omland.

Etter dette skrudde vi opp musikken, koste oss med økologisk mat og god drikke. Timane gjekk og praten var hyggeleg og folk vart kjende med kvarandre. Nokon måtte gå tidleg, mens andre holdt ut lengre.

 I etterkant av samlinga ser det no ut til at vi kan få på beina eit styre for LLH Voss. Dermed er det også danne eit grunnlag for framtidige arrangement. Forhåpentlegvis kan eit styre vere på plass innan få veker. Vi håper derfor å kunne tilby eit nytt arrangement på Voss før jul.

Vil du vere med på det? Sende ein epost til voss@llh.no som skal vi føre deg på epostlista vår slik at du får info sendt direkte heim til deg!

 

Finn LLH der du bor:

 

 

LLH Bergen og Hordaland
Postboks 312
5804 Bergen
bergen@llh.no

Besøk oss:

Allégaten 40
(ved Realfagsbygget) 


Leder:
Daniel Mekki
93637622

 


Organisasjonssekretær

fra 2. april
Tore Lirhus

I perioden 19. mars -
2. april er ikke kontoret
bemannet. Det kan derfor
ta litt lenger tid før du
får svar på mail.

bergen@llh.no
eller 400 62 647


Faste poster i LLH BGH:

Annenhver mandag:
kl 17 - 20: Styremøte

Onsdager:
kl 18.30 - 20.30: Sapfonia øver

Nest siste torsdagen i mnd:
Møte i Åpen kirkegruppe Bergen


Ønsker du info og/eller foredrag?

Ta kontakt med oss!